2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Surnadal på Nordmøre?
Vi søker no to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer . Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er fagleg engasjert og kvalitetsmedviten
- Ønsker å bidra aktivt til eit positivt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Nyutdanna blir også oppmoda til å søkje – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etablerings- og stabiliseringstilskot
- Flyttetilskot
Og ikkje minst: ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Øyatrøvegen 18
6650 Surnadal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5171936144
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no