Audiopedagog

Klinikk hovud-hals/ ØNH høyresentralen, Helse Bergen HF BERGEN Publicerat 7 september 2026
Vikariatonsite
Vi har ledig 100% vikariat som audiopedagog ved høyresentralen, klinikk hovud-hals, Haukeland universitetssjukehus. Lågare stilling kan Vi er opne for å tilby ein redusert stilling, t.d 50% til riktig kandidat???? Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH avdelinga, og har for øyeblikket 12 audiografar og 2 audiopedagogar. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar, sjukepleiarar og merkantile. Vi har ein svært variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar over 100år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle alderdsgrupper. Arbeidsoppgåvene blir utført på ØNH barnepoliklinikk i nye lokale i Glasblokkene, og på høyresentralen i Sentralblokka. Desse to bygga ligg tett på kvarandreå Haukelandsområdet. Arbeidsoppgåver - Delta i utredning, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barn - Utgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantat - Utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoni - Arrangere kurs, mellom anna på LMS (lærings-og meistringssenteret) - Rådgiving og rettleiing til personar med nedsett høyrsel og høyrselsrelaterte utfordringar. Rådgiving og rettleiing til foreldre og pårørande - Utføre leike-audiometri/VRA på barn i alderen 0-6 år saman med audiograf Kvalifikasjonar - Mastergrad i spesialpedagogikk, fortrinnsvis fordjuping i audiologi - Relevant erfaring innanfor høyrselsområdet kan vege opp for utdanningskrav - Erfaring med tinnitus, hyperacusis og misofoni er ein fordel - Kjennskap til/erfaring med CI (cochlea implantat) - Erfaring med barn med nedsett høyrsel - Erfaring med rettleiingsarbeid - Gode norskkunnskapar - Engelsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar - Fagleg engasjement og motivasjon – du ønsker å utvikle deg som pedagog - Pasientfokus – møter kvar enkelt pasient med respekt, empati og god kommunikasjon - Sterke samarbeidsevne – lyttar, formidlar og samarbeider godt med både kollegaer og pasientar - Kommunikasjon - Du har gode formidlingsevner, og tar ordet i møte og diskusjonar - Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr - Ein arbeidsplass i stor utvikling, der mange yrkesgrupper samarbeider - Høgt fagleg nivå - Moglegheit til å bygge erfaring innanfor høyrselsrelaterte utfordringar - Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) - Gode pensjonsvillkår - Lønn etter gjeldande avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Thomas Evenstad, Seksjonsleiar, thomas.evenstad@helse-bergen.no Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5176130897 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 30.07.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no