Avdelingsleder barneverntjenesten

Barneverntjenesten I Lesja Dovre LESJA Publicerat 24 augusti 2026
Fastonsite
Barnevernsleiar -- fast 100 % Lesja/Dovre barnevernsteneste Tilsetting frå: snarast Tenk deg ein kommune omgitt av fantastiske fjell og store friluftsmoglegheiter! Lesja kommune ligg lengst nord i Gudbrandsdalen, med kort veg til kultur, idrett, jakt og fiske. Kommunen satsar på næringsutvikling og tilflytting, og gjennom Levande Lesja er det skapt ein arena for utvikling og skapartrong. Gode bustadtilbod og sterke resultat i barnehage og skule gjer Lesja til ein attraktiv stad å bu og arbeide. Om barnevernstenesta Barnevernstenesta i Lesja og Dovre er ei interkommunal teneste der Lesja er vertskommune. Tenesta held til i nye, moderne lokale i Lesja kommunehus, og har i tillegg kontor- og møteromsfasilitetar på Helsehuset på Dombås. Tenesta har om lag 7 årsverk. Kommunalsjef helse og oppvekst er næraste overordna for barnevernsleiar. Vi søkjer ein tydeleg, fagleg sterk og samlande leiar som skapar engasjement og tryggleik i avdelinga, og som står godt i krevjande situasjonar. Hovudarbeidsoppgåver Personal-, fag- og økonomiansvar Leiaransvar med oppfølging og rettleiing av medarbeidarar Vedtaksmyndigheit innan barnevernsområdet Sikre at tenesta oppfyller alle lov- og forskriftskrav Kvalitetssikring og internkontroll Rapportering og statistikk Fagleg utviklingsarbeid Ønskte kvalifikasjonar Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, primært barnevernspedagog eller sosionom Erfaring frå arbeid i barnevernet God kjennskap til lovverk og retningslinjer på barnevernsfeltet Relevant vidareutdanning innan barnevern, administrasjon og/eller leiing er ein fordel Leiarerfaring Kompetanse på kommunal økonomi Førarkort klasse B Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Tenesta disponerer kommunale bilar. Noko reiseverksemd og ettermiddag-/kveldsarbeid må påreknast. Personlege eigenskapar Vi søkjer ein leiar som er: Trygg og tydeleg i kommunikasjon og leiarrolle Strukturert, fleksibel og med god relasjonskompetanse Raus i møte med barn og foreldre Serviceinnstilt og god til å sjå både eigne og andres styrkar God skriftleg og munnleg formidlar Resultatretta, ansvarleg og fagleg engasjert Vi tilbyr Ei meiningsfull og utfordrande leiarstilling innan eit viktig samfunnsområde Moglegheit til å påverke utviklinga av organisasjonen og tenestene Ei barnevernsteneste med dyktige og dedikerte medarbeidarar Gode utviklingsmoglegheiter Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter avtale Kontaktinformasjon Elisabeth Nerli , kommunalsjef helse og oppvekst Telefon: 928 02 537 Dagfinn Rognerud , HR-rådgivar Telefon: 404 13 600 Korleis søkje? Send søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no (lenke til ledige stillingar). Søknadar som ikkje blir sendt via vårt elektroniske søknadsskjema, blir ikkje vurdert. Søknadsfrist: 15.09.2026 Ønskt tiltreding: snarast mogleg Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart, jf. barnevernsloven § 6‑10 og politiregisterloven § 39. Opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om det er bede om unntak, jf. Offl. § 25. Søknadspapir blir ikkje returnert. Blir lyst ut: www.lesja.kommune.no https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger Går til: Kommunedirektør Per Dag Hole Kommunalsjef Elisabeth Nerli Delta v/HTV Harald Aulie FF v/Tove Lovinda Gundersen HR-rådgiver Dagfinn Rognerud i Fellestjenesten, til orientering

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no