Badevakt

Sunnfjord kommune Idrett og friluftsliv SUNNFJORD Publicerat 9 augusti 2026
Vikariatonsite
Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter. Vi har ansvar for: utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute offentleg bading samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt Vi har ledig: 15 % vikariat som badevakt i perioden 15.08.26 - 30.06.27 Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er annakvar helg og mogleg noko kveld. Arbeidsoppgåver er mellom anna: svare for tryggleik i symjehallen vere kjentmann og vert for badegjestane utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu selje billettar og anna Krav til søkar: gode symjeferdigheiter må bestå livredningsprøve Grunna tilsyn med garderobar og at kvart team består av ein mann og ei kvinne, må den som vert tilsett vere kvinne. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte kvinnelege søkjarar, vil også mannlege søkjarar bli vurderte for stillinga. Personlege eigenskapar: er fleksibel, ryddig og tek ansvar er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner er raus, inkluderande og ønsker å bidra i kollegiet med godt humør er serviceinnstilt og løysingsorientert har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner kommuniserer godt på norsk Du søker elektronisk. Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no