Badevakter og badeassistenter

Bjerkreim kommune VIKESÅ Publicerat 13 augusti 2026
Engasjementonsite
Vi treng badevakter til det offentlege symjetilbodet som har oppstart i veke 42. Vi treng deg som er over 16 år, er fleksibel, ryddig og strukturert, og som ønskjer å arbeida som badevakt dei ulike dagane vi har ope fram til påskeferien i 2027. Har du ha lyst til å søkja, men kan ikkje arbeida på alle dei aktuelle dagane? Då søkjer du og skriv i søknaden og opplyser i søknaden kva dagar og tider som passar for deg! Arbeidsoppgåver - Som badevakt skal ein leggje tilrette for ei god oppleving for til dei som nyttar seg av tilbodet. - Ein har ansvar for å leite fram og rydde på plass igjen leikar, reingjering rundt bassenget og i garderobane mm. Vi gir opplæring. - Badeassistentane vil vera ekstrahjelpa til instruktøren for barnehagesymjinga og ved symjekurs fredag ettermiddagar. Her må ein rekne med å opphalda seg i bassenget saman med ungane. Kvalifikasjonar - Alle badevakter/assistenter må kunne symje. - Vi krev at alle må ha oppdatert livredningskurs, noko alle vil få tilbod om før oppstart i arbeidet. Kurset er obilgatorisk. Personlege eigenskaper - Personar som er fleksible, nøyaktige, pålitelege og serviceinnstilte. - Arbeidet som badevakt passar for ungdom og det er aktuelt å fordela arbeidet på fleire. - Du må vera minst 16 år for å søkja både som badevakt og som badeassistent. - Det vil alltid vera minst to personar tilstades, kor den eine er over 18 år. - Det er viktig at du i søknaden opplyser om det er dagar eller periodar du ikkje kan arbeida. - Erfaring frå liknande arbeid, fleksibilitet og nærleik til arbeidsstaden er ein fordel. - Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsetjingsprosessen. Vi tilbyr Arbeidstid: - Offentleg symjing laurdagar: frå ca kl 09.30 til ca 15.00 i perioden frå 17.10.2026 til påskeferie 2027. - Barnehagesymjing måndagar: mellom ca kl 09.30 - 13.30 i perioden frå 12.10. 2026 til påskeferie 2027. - Assistent symjekurs fredagar: Mellom ca. kl 15.00 - 20.00 i perioden mellom ca 16.10 til og med 11.12. 2026, og i perioden mellom ca. 08.01. til påskeferie 2026. - Symjekurs går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart. - Lønsvilkår, timeløn etter lokalt takst og tillegg for kveld og helg Kontaktinformasjon Annette O Nedrebø, Rådgiver kultur, +47 988 80 147 Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune Referansenr.: 5163491300 Stillingsprosent: 10% Engasjement Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 19.03.2027 Søknadsfrist: 14.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no