Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar - vikariat

Giske kommune, Godøy skule og SFO GODØYA Publicerat 2 september 2026
Vikariatonsite
Vi har ledig eit vikariat i 80-100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Godøy skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld fram til skuleslutt i juni 2027. Stillinga følgjer hovudsakleg skuleruta (arbeidsåret for eit heilt skuleår er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 % i full stilling). Godøy skule er ein 1 – 7 skule med 126 elevar. Rundt 50 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med. Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden. Arbeidsoppgåver - Leike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne. - Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik. - Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer. - Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen. - Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen. Kvalifikasjonar - Vi ønsker søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller anna utdanning med pedagogikk, men andre med anna relevant utdanning eller erfaring kan også søkje. - Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid. - Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra. - Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog. - Vere trygg i konflikthandtering. - Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. - God digital kompetanse. Personlege eigenskapar - Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar. - Tydeleg og omsorgsfull vaksen. - Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus. - Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst. - Gode samarbeidsevne med barn og vaksne. Vi tilbyr - Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. - Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer. Kontaktinformasjon Kristine P. Walderhaug, konst. rektor, +47 98606404 Arbeidsstad Gøymyrane 122 6055 Godøya Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5175488646 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 18.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no