Barne og ungdomsarbeider i SFO

Lye skule, Time kommune LYE Publicerat 26 augusti 2026
Fastonsite
SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag. SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil få ansvar for å følgje opp elevar enkeltvis og i større grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål i SFO. Kvalifikasjonar Barne- og ungdomsarbeider, med erfaring innan skulefritidsordning. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar - Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet - Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast - Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg - Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert - Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap - Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg - Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Me tilbyr 27% fast stilling i SFO. Timane vil vera fordelt på tre ettermiddager. Ønskeleg med snarleg oppstart. Intervjuer fortløpande. - Gode pensjonsordningar - Løn etter tariff - Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø - Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Kontaktinformasjon Iselin Stangeland, Leiar Sfo, 95107964, iselin.stangeland@time.kommune.no Arbeidsstad Kvartsvegen 5B 4347 Bryne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5171836310 Stillingsprosent: 27% Fast Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 11.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no