Barnevernskonsulent

Volda kommune, Avdeling barnevern VOLDA Publicerat 7 september 2026
Fastonsite
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner. Det er to ledige 100 % stillingar som barnevernskonsulent Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat. Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane. Arbeidsoppgåver - Sakshandsaming etter barnevernslova - Tverrfagleg samarbeid - Sakshandsaming for nemnd og rett - Deltaking i fagleg utviklingsarbeid - Samarbeide i team - Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast Kvalifikasjonar - Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom - Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom - God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter - Ønskeleg med relevant vidareutdanning - Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på - Førarkort klasse B - God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne - Gode datakunnskapar - Godkjent politiattest må leverast før tilsetting Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar - God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet - Evne til å arbeide sjølvstendig og i team - Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar - Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert - Gode analytiske evner - Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ - Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid - Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis - Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles Vi tilbyr - Løn etter avtale - Systematisk opplæring og rettleiing - Fleksitid - Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø - Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom - Inkluderande arbeidslivsverksemd - God pensjonsordning Kontaktinformasjon Aina Øyehaug Opsvik, 40092789 Torill Osborg Vinjevoll, 48148857 Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5177838717 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 23.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no