Bibliotekmedarbeidar 7% - laurdagsstilling (vikariat)
Om stillinga Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug. Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger. Arbeidsoppgåver Skranke og anna service til brukarane av biblioteket Litteraturformidling Formidling av digitale tilbod og verktøy Hyllerydding og anna førefallande arbeid Legge til rette for arrangement Kvalifikasjonar Videregåande utdanning, over 18 år Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag Du har god digital kompetanse Du har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaring Personlege eigenskapar Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert Du er løysingsorientert og initiativrik Du er glad i å hjelpe publikum Personleg eignaheit vert vektlagt. Vi tilbyr Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteket Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk Person- og pensjonsordning gjennom KLP
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no