Digital pedagog
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Vil du vere med å forme framtidas fagskuleutdanning?
Fagskulen Vestland søkjer ein digital pedagog som vil bidra til å utvikle digitale undervisnings- og vurderingsformer og støtte faglærarar i bruk av digitale verktøy. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrke den pedagogiske kvaliteten og digitaliseringa ved skulen.
Arbeidsstad: Førde eller Bergen
Arbeidsoppgåver
- Bidra til vidareutvikling av strategiar for digitalisering undervisning og vurdering
- Gi råd og støtte til leiargruppa i val av tekniske og pedagogiske løysingar.
- Vere med å utvikle ein pedagogisk plattform og digital ressursbank.
- Vere pådrivar for utvikling av digitale undervisningsopplegg
- Bidra til kompetanseheving og brukarstøtte innan digitale system og læringsplattform
- Følgje med på utviklinga innan kunstig intelligens (KI), og støtte faglærarar og studentar i bruk av KI i undervisning og vurdering
- Rettleie faglærarar i bruk av digitale verktøy
- Koordinere utviklingsarbeid på tvers av studiestader og fagmiljø
- Andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning
- Erfaring frå bruka av digitale verktøy i undervising og vudering
- Erfaring frå bruk av kunstig intelligens i undervisnngs samanheng, og/eller innsikt i korleis KI påverkar vurdering og læringsprosessar
- God forståing for pedagogiske prosessar og teknologiens rolle i læring
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og til å drive utviklingsarbeid
- Ønskjeleg med erfaring med læringsdesign og digitale vurderingsformer
- Ønskjeleg med erfaring med prosjektleiing eller koordinering av utviklingsarbeid på tvers av einingar
- Ønskjeleg med erfaring med rettleiing av faglærarar i pedagogisk og digital utvikling
Personlege eigenskapar
- Genuin interesse for læring og utvikling
- Initiativrik og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Strukturert og målretta.
- Evnar å samarbeide tett med fagmiljøa og forstå undervisningskvardagen frå innsida
- Evne til å motivere og rettleie kollegaer
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklande rolle i eit framtidsretta fagmiljø.
- Moglegheit til å påverke digital utvikling i fagskuleutdanning.
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Eilert Årseth, ass. rektor , 47059233
Arbeidsstad
Odd Frantzens plass 6
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5136808292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no