El-kontrollør

Seksjon for eigedomsdrift SNR, Helse Møre og Romsdal HF HJELSET Publicerat 20 augusti 2026
Fastonsite
Er du ein engasjert person som kunne tenke deg å jobbe som el-kontrollør i Helse Møre og Romsdal? I stillinga vil du ha ansvar for å utføre og følge opp internkontroll og termofotografering ved foretaket sine lokasjonar. Avdeling for bygg og eigedom har ansvar for å drifte alle sjukehusa i fylket med tilhøyrande eksterne bygg. Stillinga er knytta til foretaket sine lokalisasjonar i Ålesund, Hjelset, Volda, Kristiansund. Stillinga vil disponere foretaket sine tenestebilar ved behov. Arbeidsoppgåver - Elkontroll og termofotografering - Oppfølging i sjukehuset si drift- og vedlikehaldssystem - Delta ved tilsyn - Oppfølging etter tilsyn Kvalifikasjonar - Relevant fagskule-/ingeniørutdanning innan elektrofaget - Minst 3 års praksis fra bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning - Sertifisering iht. NEK 405-3 - Opplæring i sikkerhetsforskrifter (FSE) - Førerkort klasse B Personlege eigenskapar - Du må vere løysingsorientert - Du kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre - Du har gode kommunikasjonseigenskapar - Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr - Sterkt tverrfagleg samarbeid - Ein inkluderande arbeidsplass - Løn etter gjeldande overeinskomstar - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Kontaktinformasjon Britt Eli Gyldenskog, Seksjonsleiar, britt.eli.gyldenskog@helse-mr.no Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152569296 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no