Ergoterapeut/spesialergoterapeut

Medisinsk poliklinikk, fysioterapi og kontor, Helse Møre og Romsdal HF VOLDA Publicerat 18 augusti 2026
Fastonsite
Vi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut/spesialergoterapeut fra og med 14.12.26 Seksjonen vår har om lag 26 årsverk fordelte på sjukepleiarar, fysioterapeutar, sekretærar, ergoterapeut (1 årsverk) og klinisk ernæringsfysiolog. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi er avhengige av kvarandre og set stor pris på alle tilsette. For ergoterapeuten er arbeidet variert og givande, med oppfølging av både medisinske og kirurgiske pasientar – både inneliggjande og polikliniske. Du vil møte eit breitt spekter av diagnosar og arbeide med både elektive og akutte pasientforløp Du vil vere ein viktig del av tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar ved Volda Sjukehus. Arbeidsoppgåver - Kartlegging og vurdering av kognitiv funksjon - Aktivitetsobservasjon og kartlegging i ADL - Kartlegging av motorisk funksjon - Tidleg rehabilitering - Samhandle tverrfagleg internt og eksternt - Undervisning og rådgjeving av helsepersonell - Delta i kvalitetsarbeid og utvikling av prosedyrer og pasientforløp Kvalifikasjonar - Autorisert ergoterapeut/spesialergoterapeut - Må beherske norsk skriftleg og munnleg - Fordel med erfaring frå sjukehus Personlege eigenskapar - Du har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid - Du har pågangsmot og gjennomføringsevne - Du er serviceinnstilt og engasjert - Du er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr - Sterkt tverrfagleg samarbeid - Ein inkluderande arbeidsplass - Løn etter gjeldande overeinskomstar - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . Kontaktinformasjon Suzanne Kathrine Saunes Aschehoug, Seksjonsleiar, +47 70058297, Suzanne.Aschehoug@helse-mr.no Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152970025 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no