Fagansvarleg regnskap og lønn

Sveio kommune SVEIO Publicerat 20 augusti 2026
Fastonsite
Om stillinga Vil du vere med og sikre gode og framtidsretta rekneskaps- og lønstenester i Sveio kommune? Sveio kommune søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert fagansvarleg innan rekneskap og løn. Vi ser etter deg som ønskjer ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, kontroll og vidareutvikling av kommunen sine rekneskaps- og lønsprosessar. Som fagansvarleg får du eit overordna fagleg og operativt ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn. Du vil vere med på å sikre god kvalitet i tenestene, vidareutvikle arbeidsprosessar og bidra til effektiv drift. Stillinga rapportere til økonomisjef. Kvifor arbeide hos oss? Hos oss får du ei viktig rolle i ein kommune der du kan vere med på å påverke, forbetre og vidareutvikle sentrale arbeidsprosessar innan rekneskap og løn. Du blir ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og får høve til å bidra både fagleg og strategisk i utviklinga av tenestene våre. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: - høgare utdanning innan økonomi, rekneskap, revisjon eller tilsvarande - god kjennskap til kommunal sektor og relevant lov- og regelverk - relevant erfaring frå rekneskap, løn eller revisjon - god systemforståing og god kompetanse i Excel og administrative IKT-system - god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har: - erfaring med kommunerekneskap - erfaring med Visma Enterprise Plus - erfaring frå fagleiing, rettleiing eller koordinering Arbeidsoppgåver Du får fagleg og operativt ansvar for kommunen si rekneskaps- og lønsfunksjon, med fagleg oppfølging av fire medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: - fagleg ansvar for kommunen sitt arbeid innan rekneskap og løn - sikre god kvalitet i rekneskapsføring, lønsutbetalingar, avstemming og rapportering - utvikle, forbetre og dokumentere rutinar og arbeidsprosessar - bidra i årsavslutning, tertialrapportering og budsjettoppfølging - bidra til god internkontroll og etterleving av lov- og avtaleverk - vere rådgjevar og støtte for leiarar og tilsette i spørsmål om løn og økonomi - delta i utviklingsarbeid, digitalisering og forbetring av system og arbeidsflyt - samarbeide med andre fagmiljø og eksterne aktørar ved behov Arbeidsoppgåvene kan bli justerte ut frå kompetansen og profilen til den rette kandidaten, og i takt med utvikling av økonomifunksjonen i kommunen. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: - er strukturert, grundig og har høg gjennomføringsevne - ser heilskapen,og samstundeshar kontroll på detaljer - trivst med å løyse problem og handtere komplekse problemstillingar - kommuniserer tydeleg og byggjer gode relasjonar - trivst med ansvar og har god arbeidskapasitet Vi tilbyr - Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap - Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle - Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no