Fagarbeidar

Reinhald, Bremanger kommune SVELGEN Publicerat 12 augusti 2026
Fastonsite
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldsoperatør ved avdeling reinhald, for tida i Hauge og Kalvåg området. Vi søkjer ein dyktig og påliteleg medarbeidar som ønskjer å bidra til trygge og trivelege bygg for brukarar og tilsette. Arbeidsoppgåver Som reinhaldsoperatør har du ansvar for: - Dagleg reinhald av bygga du er tildelt - Å sikre at lokala held høg standard når det gjeld hygiene og trivsel - Utføring av oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav Kvalifikasjonar - Fagbrev som reinhaldsoperatør - Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje Personlege eigenskapar Vi ønskjer fagleg engasjerte, motiverte og sjølvstendige medarbeidarar. Du er: - Positiv og serviceinnstilt - Løysingsorientert - Strukturert og ryddig - God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre Du må: - Ha førerkort kl. B - Vere innstilt på endringar - Vere ryddig og strukturert - Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg - Bidra til eit godt arbeidsmiljø Det blir gjeve naudsynt opplæring og gode vilkår for fagleg utvikling. Serviceinnstilling og personlege eigenskapar vert vektlagt. Leiinga kan gjere endringar i stillinga sitt arbeids- og ansvarsområde Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: - Hjelp til å finne bustad og barnehageplass - Gratis barnehage - Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse - Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. - Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) - Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: - Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet - Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid - Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. - Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon - Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale - Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon Hilde Larsen, Fagleiar Reinhald, +47 94970027 Arbeidsstad Svelgen 6723 Bremanger Municipality Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5164651934 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no