Faste stillingar på natt for sjukepleiar/vernepleiar

Helse Bergen HF BERGEN Publicerat 5 augusti 2026
Fastonsite
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår! Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk. * Avdeling for stemningslidingar , Seksjon S6 har ledig 50-80% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg * Avdeling Spesialisert psykose, Seksjon S4 har ledig 75-80% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt * Avdeling Spesialisert psykose , Seksjon S5 har ledig 80-100% fast stilling på natt, p.t kvar 3. helg med turnus på natt * Psykiatrisk akuttmottak , PAM1 har ledig 80-100% fast stilling på natt, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke * Avdeling Alderspsykiatri har ledig 50% fast stilling som sjukepleiar på natt, pt kvar 3. helg * Lokal sikkerheitspost (LS): har ledig 70-100% fast stilling på natt, pt 4. kvar helg med langvakter på helg. Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Arbeidsoppgåver Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762 Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern. På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar Kontakt PAM1 : Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712 Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848 Kvalifikasjonar (overskrift) Avdeling Spesialisert Psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling. Seksjon S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge. Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk), tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke og alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg på. Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid. Kontakt: Liv Mala, Tlf. Telefon:55958706 Avdeling Alderspsykiatri g

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no