Fastlegar

Helse og omsorg -legetenesta NORHEIMSUND Publicerat 11 augusti 2026
Fastonsite
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø? Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste. Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta. Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Norheimsund legekontor ligg sentralt i Norheimsund og er eit kommunalt legekontor med 5 legestillingar - både avtalar om næringsdrift og fastlønn med insentivordning. Arbeidsoppgåver Kurativt legearbeid i fastlegeordninga Dei to listene i Helsebanken har pr idag hhv. 750 og 900 pasientar. Vikariatet ved Norheimsund legekontor gjeld ei liste med 600 pasientar. Deltaking i legevakt Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning. Arbeid på legevakt er fastlønna. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30. Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale. Andre aktuelle oppgåver: - Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar - Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå avtalar om dette, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen. Kvalifikasjonar - Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer ) - Godkjent turnusteneste - Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg - Gode fagkunnskapar og ferdigheiter - Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt - Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg - Førarkort klasse B, gjerne kode160 - Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: - Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet - Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam - Trivst med akuttmedisin og legevakt - Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse - Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar Om driftsformer Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift? Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret: - Næringsdrift - Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar) - Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering. Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist. Som næringsdrivande lyt ein kjøpe andel av inventar/utstyr/maskinpark. Helsebanken ynskjer primært legar i næringsdrift, men det kan også opnast for vikariat med fastløn. Det er ikkje krav til å betaling for "goodwill"/verdi av opparbeida praksis ved overdraging av liste i næringsdrift. Legekontora nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. me har godt utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontora har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke. Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Ramona eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam! Om kommunen vår Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/ Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legekontor i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet. Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen. Generell informasjon: - Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka - I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta - Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjar

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no