Førsteamanuensis/førstelektor i norsk som andrespråk
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i norsk som andrespråk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Bergen som arbeidsstad. Oppstart i stillinga er 01.01.2027.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåver knytt til å undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets -og høgskuleforskrifta. Arbeidet vil vere retta mot grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og etter- og vidareutdanningar, samt masterutdanning og Ph.d.-utdanning.
- Arbeidsoppgåver knytt til tilskotsordningar som SKK (System for kollektiv kompetanse -og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule).
- Forsking og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har ulike strategiske forskingsprogram, og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
- Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular og barnehagar og utvikle studentane si praksisutdanning.
- Ta ansvar for institusjonsbyggjande og kollegialt samarbeid, irekna fagadministrative oppgåver, utvikling av studietilbod, internasjonalisering, samhandling med eksterne partnarar, representere HVL nasjonalt og internasjonalt, og bidra i ulike typar kommisjonsarbeid.
- Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Reising i stillinga kan bli aktuelt i nokre tilfelle der undervisning blir lagt utanfor campus Bergen, og ein må kunne undervise i nettbaserte emne.
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .
Formelle kvalifikasjonar:
- For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i norsk som andrespråk, andrespråkslingvistikk eller nordisk språk. Doktorgradsarbeidet må vere relevant for utdanningar som fagmiljøet er knytt til.
- Søkjarar som har levert Ph.d.-avhandling innan søknadsfristen og som har disputert før tiltredingsdato kan óg bli vurdert som kvalifisert.
- For fast tilsetjing som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
- Den som blir tilsett, må kunne undervise på campus og på nett i dei sentrale språklege emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning, og i EVO-emne innan norsk som andrespråk og norsk språk. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga og må dokumenterast i tråd med spesifikasjonane under punktet om utdanningsfagleg kompetanse.
Personlege eigenskapar:
- Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
- Undervisningsspråket er norsk, og søkarar må meistre norsk, på minimum B2-nivå eller tilsvarande.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Erfaring frå arbeid med norsk som andrespråk i barnehage, grunnskule og/eller vaksenopplæringa
- Kunnskap om barns språkutvikling og erfaring med lese- og skriveopplæring for 1.‒10. trinn, og særleg begynnaropplæring og/eller opplæring av vaksne innvandrarar som lærer å lese og skrive i vaksen alder
- Erfaring med,- og publiserte resultat frå, relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan norsk som andrespråk, andrespråkslingvistikk og/eller fleirspråklegheitsdidaktikk,- fortrinnsvis relatert til barnehage / grunnskule / vaksenopplæring, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering, og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt ilag med praksisfeltet
- Undervisningserfaring frå lærarutdanning innan norsk som andrespråk
- Relevant og nyare erfaring frå å arbeida som lærar i barnehage, grunnskule eller vaksenopplæringa
- God kjennskap til norsk skule, barnehage og vaksenopplæringa generelt og lærarutdanningane spesielt
- Kunnskap om og erfaring med forskingsmetodar relevant for norsk som andrespråk i lærarutdanning
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis og førstelektor skal søkjarar dokumentere utdanningsfagleg kompetanse med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet .
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk s
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no