Head of Logistics
Likar du å organisere, ta ansvar og skape resultat ilag med andre?
Bli med oss som Head of Logistic!
ULSTEIN sitt engasjement for innovasjon, pålitelegheit og kundetilfredsheit har gjort oss til ein leiande aktør i den maritime industrien. Ulstein Verft leverer avanserte spesialfartøy til offshore energi- og havnæringane over heile verda, med teknologi, kvalitet og innovasjon i sentrum.
Lager og logistikk spelar ei nøkkelrolle i gjennomføringa av prosjekta våre. Når vår mangeårige kollega no går av med pensjon, søkjer vi ein ny medarbeidar som vil ta stafettpinnen vidare.
Vi ser etter deg som trivst med, planlegging, koordinering og ta ansvar for å skape resultat ilag med andre. I stilling som Head of Logistics vil du ha ei sentral rolle i eit engasjert, framover lent og triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg leiing og utvikling av logistikkfunksjonen ved Ulstein Verft.
- Ansvar for logistikk og vareflyt frå ordre til levering, inkludert transport, varemottak, lagring, utlevering og eventuell retur av varer.
- Planlegging og koordinering av logistikkaktivitetar knytte til prosjektleveransar.
- Oppfølging og styring av vareflyt og logistikkprosessar gjennom prosjektfasane.
- Sikre effektiv logistikkgjennomføring i tett samarbeid med prosjektorganisasjonen og andre fagmiljø.
- Bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar, kvalitet og leveransepresisjon innan logistikk.
- Drift og bemanning av lagerfunksjonen, inkludert planlegging av ressursbehov, lagerkapasitet og tilgjengelege lagerlokasjonar.
- Ansvar for fortolling og tollrelaterte spørsmål, i dette fortolling av utstyr og skrog samt koordinering mot relevante partar.
- Koordinere laste- og losseoperasjonar i samarbeid med produksjon og andre involverte avdelingar.
- Byggje gode samarbeidsrelasjonar internt i organisasjonen og vere ein aktiv støttespelar for prosjekt, produksjon og andre avdelingar.
Stillinga har ikkje personalansvar.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå lager/logistikk
- Formalkompetanse og/eller fagbrev innan lager/logistikk
- Erfaring frå maritim industri vil vere ein fordel
- Gode norsk -og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Gode IT-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Engasjert og kreativ
- Strukturert
- God evne til å kommunisere og bygge relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt fagleg miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon
Daniel Moltumyr, Department Manager Warehouse, 907 85 564
Inge Sleipnes, Supply Chain Manager, 900 63 683
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5175488370
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no