Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun

Øystre Slidre kommune HEGGENES Publicerat 24 augusti 2026
Fastonsite
Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21% Vi ser fram til å høyre frå deg! Skriv gjerne kva for avdeling du ønskjer å jobbe på og kor stor stilling du kan tenkje deg. Tilsetjing vil skje fortløpande. Arbeidsoppgåver - Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument - Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring - Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer - Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar - Det er ynskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar, eller anna relevant utdanning. - Du er velkommen til å søke om du ikkje har fagbrev, men har interesse for faget og ønskjer ein meiningsfull jobb - Studentar er velkomne til å søke - Gode norskkunnskapar - Sertifikat i klasse B er nødvendig i heimetenesta - Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5168943193 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no