Helsefagarbeidar

Mikkjelsflaten omsorg ØYSTESE Publicerat 19 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du bli vår nye kollega? - Me søkjer helsefagarbeider i 65% vikariat - Stillinga er ledig frå 14.09.2026 - Turnus med arbeid kvar 3.helg Mikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og er organisert under tenester for heildøgns omsorg. Det er kort avstand til tilboda i Øystese sentrum. På Mikkjelsflaten er det 16 enkle bustader og 6 bustader som er tilegna ektepar. Det er i hovedsak eldre bebuarar med heildøgns hjelpebehov. Arbeidsoppgåver - Dagleg arbeid i avdelinga med bebuarane - Tverrfagleg samarbeid med hjelpemiddellager, fysioterapi- og ergoterapitenesta - Kommunikasjon og samarbeid med brukarar og pårørande - Primæransvar for bebuarar Kvalifikasjonar - Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar - Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg(Tilsvarande B2) - Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar - Engasjert og positiv - Fleksibel og løysingsorientert - Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg - Interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar - Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - Her kjem du til eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer - Du får utfordringar og moglegheit til å utvikla deg fagleg - Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem - Gode pensjons-/ og forsikringsordningar Generell informasjon: - Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka - I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta - Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Linn Barane-Birkeland, Gruppeleiar Tolo omsorg og Mikkjelsflaten, +47 902 54 038 Arbeidsstad Rokabrekka 5610 Øystese Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5168054469 Stillingsprosent: 65% Vikar Startdato: 14.09.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no