Helsefagarbeider på avdeling Juvike

Øystre Slidre kommune HEGGENES Publicerat 24 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike? Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år. Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver - Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument - Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid - Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer - Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar - Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider - Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet - Gode norskkunnskapar - Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar - Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert - Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar - Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi - Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr - Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar - 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg - Nødvendig opplæring og rettleiing - Kompetanseheving - Opplæring i fagsystem - Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb - Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201 Arbeidsstad Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5171054922 Stillingsprosent: 80, 90% Vikar Søknadsfrist: 13.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no