Helsesjukepleiar

Vindafjord kommune Helse ØLEN Publicerat 26 augusti 2026
Vikariatonsite
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter! Vindafjord kommune søkjer ein dyktig og engasjert helsesjukepleiar i 100 % toårig vikariat. Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag, med høve til å arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. Stillinga er ledig frå 14.09.2026. Kva får du jobba med hos oss? - Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta. - Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar. - Vaksinering. - Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt. - Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge. - Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar. - Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år kan bli aktuelt på sikt. Me kan tilby: - Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. - Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. - Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. - Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. - Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. - Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. - Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. - Helsesjukepleiar som arbeider på helsestasjonen og som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn. Kvalifikasjonar: - Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning eller master i helsesjukepleie. - Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert. - Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Det er ynskeleg med: - Erfaring som helsesjukepleiar. - Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro. - Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for skulehelsetjenesta. Personlege eigenskapar: - Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar. - Målretta og fagleg engasjert. - Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper. - Fleksibel og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: - Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. - Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no