Hotellmedarbeider
100 % vikariat -- Resepsjonist / Servitør Vil du bli ein del av teamet vårt? Me søkjer no etter ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit 100 % vikariat i samband med at ein av våre tilsette skal ut i fødselspermisjon. Stillinga er kombinert mellom resepsjon og restaurant, og inneber arbeid etter skiftordning med dag-, kveld- og helgevakter. Me ser etter deg som: Er utadvendt og har eit smil på lur. Er serviceinnstilt og set gjesten i fokus. Er ansvarsbevisst, fleksibel og likar å arbeide i eit travelt miljø. Trivst med varierte arbeidsoppgåver og samarbeid med andre. Hos oss er vertskapsrolla viktig. Me ønskjer at alle gjester skal kjenne seg velkomne frå dei kjem til dei reiser. Arbeidsoppgåver Inn- og utsjekk av gjester. Handtering av booking- og kassasystem. Kundeservice i resepsjonen. Servering av frukost, middag og andre måltid. Servering i samband med selskap, arrangement og i bar. Kvalifikasjonar Gode datakunnskapar eller evne til raskt å setje seg inn i nye system. Erfaring frå hotell, restaurant eller service er ein fordel, men ikkje eit krav. Du må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk flytande, både munnleg og skriftleg. Gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Me tilbyr Eit variert og sosialt arbeid i eit godt arbeidsmiljø. Grundig opplæring. Ein spennande kvardag med varierte arbeidsoppgåver. Moglegheit til å få verdifull erfaring innan hotell- og reiselivsnæringa. Praktisk informasjon Stilling: 100 % vikariat. Varigheit: Vikariat i samband med fødselspermisjon (ca. 12 månader). Tiltreding: Etter avtale. Arbeidsstad: Lægreid Hotell, Sogndal. Arbeidstid: Skiftordning med dag-, kveld- og helgevakter. Søknadsfrist: Søknader blir behandla fortløpande, så me oppmodar deg til å søkje så snart som mogleg. Høyrest dette spennande ut? Då vil me gjerne høyre frå deg! I søknaden ønskjer me at du legg ved CV og skriv litt om deg sjølv, kvifor du ønskjer stillinga, og kvifor du meiner du vil passe inn i teamet vårt. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no