Intensivsjukepleiar

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF ÅLESUND Publicerat 7 september 2026
Fastonsite
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum? Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat. Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du: - Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar - Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid - Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering - Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg). Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag! Arbeidsoppgåver - Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner - Pasientovervaking, behandling og pleie - Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell - Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet - Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov) Kvalifikasjonar - Norsk autorisasjon som sjukepleiar - Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv - Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg - Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig Personlege eigenskapar - Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst - Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team - Du er fleksibel og løysingsorientert - Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet - Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr - Sterkt tverrfagleg samarbeid - Ein inkluderande arbeidsplass - Løn etter gjeldande overeinskomstar - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5174061944 Stillingsprosent: 100, 85% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 22.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no