Internatleiar
Kan du tenke deg å jobbe med ungdom? Setesdal vidaregåande skule søkjer ein engasjert og trygg internatleiar til elevheimen vår på avdeling Hornnes. Som internatleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å skape eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane. Vi søkjer deg som trivst med ansvar, er trygg i møte med ungdom og likar å arbeide sjølvstendig. Som internatleiar får du stor fridom til å organisere og planleggje arbeidet ditt, samtidig som du blir ein sentral del av skulen sitt elevmiljø. Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hovden, Valle og Hornnes. Visjonen vår er: «Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald.». Skulen har både studiespesialisarende og yrkesfagleg utdanningstilbod. På yrkesfag blir det undervist i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og gull- og sølvsmedhandtverk. På Hovden har vi landslinjetilbod i skiidrettar som er eit tilbod i tett samarbeid med Hovden skigymnas(HSG). Setesdal vidaregåande skule har ansvar for undervisning i Agder fengsel avd Evje. Stillinga som internatleiar er tilknytta elevheimen ved skulen si avdeling på Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Arbeidsoppgaver Ansvar for den daglege drifta av elevheimen Bidra til eit trygt, inkluderande og godt bumiljø for elevane Planlegging og koordinering av aktivitetar, bemanning og praktiske oppgåver knytte til elevheimsdrifta Administrative oppgåver knytte til elevheimen Oppfølging og rettleiing av elevar i samarbeid med skulen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar Ansvar for rutinar innan helse, miljø, tryggleik og brannvern Delta i vaktordning etter gjeldande turnus Per i dag er stillinga fordelt med om lag 30 % administrative oppgåver og 70 % turnusarbeid. 70% turnus tilsvarar 2 sovande nattevakter per veke, samt helgevakt kvar 3.helg. I helgevakta inngår tilsynsvakt fredag og laurdag, og sovande nattevakt søndag, natt til mandag. Kvalifikasjoner Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet. God digital kompetanse og erfaring med Microsoft 365, særleg Word og Excel God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Framsyning av politiattest er ei forutsetning for tilsetting Det er ønskeleg at du har: Erfaring frå internatdrift, miljøarbeid eller liknande arbeid med ungdom Erfaring med planlegging og oppsett av turnus Personlige egenskaper Vi søkjer deg som: Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen Har gode relasjonelle ferdigheiter og kommuniserer godt med ungdom og føresette Er strukturert og sjølvstendig Har gode samarbeidsevner Handterer ulike situasjonar med ro og godt skjønn Bidreg til eit positivt og inkluderande miljø Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling i eit viktig elevretta arbeid Stor grad av sjølvstende og fridom til å planleggje og organisere eigen arbeidskvardag Høve til å påverke og vidareutvikle elevheimstilbodet ved skulen Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk Les meir om vår skule her: www.setesdal.vgs.no God pensjonsordning i KLP. For meir informasjon om våre goder sjå www.agderfk.no/jobb Kontaktinformasjon Åshild Bødal, Avdelingsleder skole, +4748602401 Arbeidssted Gymnasvegen 5 4737 Hornnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune Referansenr.: 5160594833 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no