Jobbspesialist IPS

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn FØRDE Publicerat 23 augusti 2026
Fastonsite
Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning? Har du tru på at alle har noko å bidra med i arbeidslivet? Trivst du med å skape relasjonar og samarbeide med arbeidsgjevarar i ulike bransjar? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS-team i Nav Sunnfjord og Ytre Sogn i fast stilling. Som IPS-jobbspesialist jobbar du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom kandidaten, Nav, helsetenesta, skule føresatte og arbeidsgjevarane. Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til jobb ikkje er rett fram. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet. Kontorplassen din er på eit teamkontor saman med gode kollegaer ved psykisk helsevern for barn og unge, Førde BUP, på Førde sentralsjukehus, men den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 60 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning. Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får bruke ressursane sine i arbeidslivet eller skule, håpar vi du søkjer stillinga. Kva går jobben ut på? følgje opp kandidatar i alderen 16-21 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metodikken Individuell jobbstøtte (IPS) kartlegge ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hjå kandidaten etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skule, Rettleiingstenesta og helsetenesta ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. erfaring frå rettleiing, motivasjon eller oppfølgingsarbeid førarkort klasse B gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk Det er ein fordel om du har kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv erfaring med metodikken IPS (Individuell jobbstøtte) erfaring frå relasjonsarbeid med ungdom Kva ser vi etter hos deg? Vi trur at ulike erfaringar, bakgrunnar og styrkar kan bidra til å lukkast som jobbspesialist. Samstundes ser vi at nokre eigenskapar er særleg viktige for å trivast og lykkast i denne rolla: du kommuniserer godt og skaper tillit hjå menneske med ulike behov og føresetnader du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske du er løysingsorientert og ser moglegheiter du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat Kvifor velje oss? I denne stillinga får du vere med på å gjere ein stor skilnad for unge menneske på vegen mot arbeid, utdanning og meistring. Du får stor grad av fridom og sjølvstende i korleis du legg opp arbeidsdagane dine, og ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med menneske, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar. Vi tilbyr: opplæring, kurs og kompetanseheving fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte kollegaer god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse statleg tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000–660 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Les meir om Nav som arbeidsgivar Kontaktinformasjon Bente Senneset Skilbrei, Avdelingsleiar Jobbstøtte, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no Nina Marie Hjelmeland, Metodeveileder, 41530661, Nina.Marie.Hjelmeland@nav.no Arbeidsstad Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5168466799 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no