Jordmor - fast -

Avd. for helsefremmende og forebyggende arbeid BØ I TELEMARK Publicerat 7 september 2026
Fastonsite
Brenn du for å gi gravide og familiane deira ei trygg, heilskapleg og omsorgsfull oppfølging gjennom svangerskapet? Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk jordmor med fokus på kvalitet, førebygging, tidleg innsats og eit ønskje om å delta i tverrfagleg samarbeid. Arbeidsoppgåver - Svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale faglege retningslinjer - Heimebesøk til barselkvinner og nyfødde etter fødsel - Etterkontroll med rettleiing om prevensjon, inkludert innsetjing av langtidsverkande reversibel prevensjon (LARC) - Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsesjukepleiar - Tverrfagleg samarbeid med andre tenester - Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar - Autorisasjon som jordmor (mastergrad eller vidareutdanning i jordmorfag) - Norsk autorisasjon som helsepersonell - Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - God skriftleg og munnleg framstillingsevne Ønskt kompetanse - Erfaring frå svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ønskjeleg Særskilde krav - Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar - Fagleg trygg og engasjert - Relasjonssterk og tillitvekkjande - Sjølvstendig og strukturert - Fleksibel og løysingsorientert - Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vektleggast. Vi tilbyr - E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune - Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk - Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Trond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742 Arbeidsstad Gamleveg 44 3802 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5141935753 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no