Kontaktperson

Sunnfjord kommune Sunnfjord barnevern SUNNFJORD Publicerat 2 september 2026
Vikariatonsite
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen. Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ønsker å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit. Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar. Vi har ledig: - 2x100 % vikariat som kontaktperson f.o.m. 04.01.27 - 04.01.28 Begge stillingane er per i dag knytt til undersøkingsteamet. Det kan skje endringar i organisering, bemanning og oppgåvefordeling i løpet av vikariatperioden, og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra i tråd med tenesta sine behov. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde er: - sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverk - planlegge og gjennomføre undersøkingar av bekymringsmeldingar - kartlegge og undersøke barn og familiar sitt behov for hjelp etter lov om barnevern - bygge tillit og kommunisere effektivt med barn, foreldre og nettverk i sårbare situasjonar - gjennomføre samtalar med barn og forvalte deira synspunkt - samarbeide tett med eksterne instansar (t.d. skule/barnehage, politi, helse) og ha god oversikt over kommunens instansar og tilbod - gjere analysar og vurderingar kring barnets beste - grundig dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barn - førebu saker og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansar - samarbeide med andre team i tenesta - delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenesta - akuttarbeid Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast. Kvalifikasjonar: - bachelor i barnevern eller sosialt arbeid - anna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaring - erfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ønskeleg - god skriftleg og munnleg framstillingsevne - førarkort klasse B Vi søker deg som: - arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team - har god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjon - utfører arbeidet med respekt for barn og deira familiar - har gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonar - tek barns medverknad på alvor - har god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt - tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø - har gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måte Vi tilbyr: - rettleiing – både individuelt og i gruppe - fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanning - eit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer - fleksibel arbeidstid - rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,- - gode pensjonsordningar Krav om gyldig politiattest før start i stillinga. Du søker elektronisk. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no