Kulturskulelærar Dans fast deltid 17%
Time kulturskule skal tilsette ny kulturskulelærar i dans. Arbeidsinnhald er allsidig undervisning av danse-elevar i ulik alder, frå barnedans (førskulealder) til ballett og jazzdans frå 1.trinn opp til vgs-alder og ev. elevar på fordjupingsnivå. Me søkjer deg som ivrar for dansefaget og vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule. Time kulturskule har 24 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa er del av musikktilbodet. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane. Danselærar er del av fagseksjon for dans. Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er tilbod om desentralisert undervisning på krins-skulane for nokre fag. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvaltar eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr tilpassa opplæring av høg kvalitet. Elevane skal vera del av eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattforma har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt". Den kommunale kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Me arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune". Arbeidsoppgåver Vår nye danselærar skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og delta i vårt faglege og kollegiale fellesskap. Me ønskjer at du: Beherskar ulike dansegenre/tradisjonar i undervisningssamanheng og utøving Har kompetanse til å tilpasse undervisning for elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar innan fordjuping Kan undervise både enkeltvis/solistar og grupper Er fleksibel til å kunne delta med supplerande undervisningsopplegg i tverrfagleg prosjektarbeid Deltek aktivt i kulturskulen si personalgruppe både fagleg og kollegialt Underviser i samsvar med "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og lokal fagplan, utarbeider årsplan for eigne elevar/grupper Arbeider for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandling Arbeider etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakat Kvalifikasjonar Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye danselærar har følgjande kvalifikasjonar: Høgskule/universitetsutdanning med dans som fagområde, bachelor- eller masternivå m/integrert- el. tilleggsutdanning innan pedagogikk/metodikk/PPU Allsidig kompetanse som pedagog og erfaring som utøvar Har erfaring frå undervisning i kulturskule eller anna relevant undervisningspraksis Meistrar ulike genre innan dans og har erfaring med publikumsformidling Beherskar undervisning på ulike nivå, ein til ein/solist og i gruppe Evner å by på deg sjølv og samarbeide i eit tverrfagleg kollegafellesskap God munnleg og skriftleg norsk-kompetanse, minimum B1-nivå Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)eller tidlegare godkjenning frå NOKUT. Personlege eigenskapar Time kulturskule søkjer deg: Som har gode kunstnariske og pedagogiske ferdigheiter Som kan legga til rette for god læring og meistring Som trivst i lag med barn og ungdom og er miljøskapande Som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev individuelt og i gruppesamanheng Som er samhandlande og samtidig tek ansvar for sjølvstendige arbeidsoppgåver Som kan bidra positivt i eit kollegialt jobbfellesskap Som er nysgjerrig og interessert, evner å ta initiativ, engasjere deg, kjem med innspel og bidreg til utvikling og nyskaping Som har god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen Som har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kan bidra positivt i jobbfellesskapet Me tilbyr Eit allsidig, triveleg og levande arbeidsmiljø Kollegafellesskap med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag Kollegaer og arbeidsfellesskap som er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre gode Aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærarar Variert og allsidig arbeidsinnhald Nært samarbeid i ein organisasjon i utvikling Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk for kulturskulelærarar Gode pensjonsordningar Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, må framleggast før tiltreding. Kontaktinformasjon Guri Årsvoll, Rektor, 47301209, guri.arsvoll@time.kommune.no Arbeidsstad Ola Barkveds veg 16 4340 BRYNE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5162051814 Stillingsprosent: 17% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no