Lærar Eidet skule

Eidet skule, Haram kommune VATNE Publicerat 30 augusti 2026
Vikariatonsite
Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter ein lærar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret 2026-2027 med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver - Planleggje og leie elevane si læring - Kontaktlæraroppgåver kan verte aktuelt - Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar - Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling - Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim - Samarbeide godt med andre faginstansar - Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø - Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid - Stillinga og arbeidsoppgåvene vil vere på små- og/eller mellomtrinn, alt etter skulen sitt samla behov og kompetansen til søkjar. Oppgje kva som er aktuelt/ønskjeleg i søknaden. Kvalifikasjonar - Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag - Det er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fag - Gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa - God digital kompetanse - Godkjent politi- og tuberkulinattest Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som - er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn - er god på å byggje relasjonar - likar å samarbeide tett med kollegaer - er strukturert og løysingsorientert - er raus og inkluderande - er ein lagspelar som deler eigen kompetanse - har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr - Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med og skape innhald og kultur i ein ny skule - Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar - Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ - Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø - God pensjonsordning gjennom SPK - Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt Kontaktinformasjon Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no Arbeidsstad Vatnevegen 41 6265 VATNE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5167444623 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 12.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no