Lærar i språk- og samfunnsfag

Buskerud fylkeskommune, Gol vidaregåande skule GOL Publicerat 6 september 2026
Engasjementonsite
Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar i språk- og samfunnsfag. Vi kan tilby midlertidig tilsetting i inntil 100% stilling fram til 01.08.2027. Vi treng lærer med undervisningskompetanse i norsk og fag innan samfunnsfaga. Engelsk kan og vera aktuelt. Om skulen: Gol vidaregåande skule har ca 300 elevplasser og 60 tilsette fordelt på tre utdanningsprogram: Studiespesialisering, idrettsfag og restaurant- og matfag. I tillegg har vi kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen. Tilsette ved skulen skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring. Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil fra Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet. Les meir om Gol vidaregåande skule her: bfk.no/gol-vgs Arbeidsoppgåver: - undervisning - planlegging og leiing av elevane si læring - oppfølging av elevar fagleg og sosialt - fagleg-pedagogisk samarbeid - funksjon som kontaktlærer kan vere aktuelt Kvalifikasjonar: - godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. - gode digitale ferdigheter - arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg Personlege eigenskapar: - trivast med ungdom - utviklingsorientert, nyskapande og ha rom for kreativitet - ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur - tydeleg klasseleiar - kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi kan tilby: - godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid - lønn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk - gode pensjon- og forsikringsordningar Anna: Vi tek atterhald om tilsetjingsbehovet fram til tilsetjing skjer. Ansettelsesform: Tidsbegrenset ansettelse.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no