Mannskap til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn

Maritim Drift, Fjord1 AS BERGEN, SELJE Publicerat 30 augusti 2026
Fastonsite
Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss. I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter matros, overstyrmann og maskinsjef som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene. Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette. På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare. Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla. Kvalifikasjonar - Minimum D4-sertifikat for overstyrmann - M1-sertifikat for maskinsjef - For matros, nødvendig fartstid eller ferdighetsertifikat matros - Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta - Krise- og passasjerhåndteringskurs - Gyldig helseattest Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar - Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet. Vi tilbyr - Lønn vert gitt etter overenskomst. - Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. - Hybelordning i arbeidsperioden. - Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar. - Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer. - Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no Arbeidssted Strandkaien 5013 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5172579279 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no