Maskinsjef, Bognes - Skarberget, p.t. MF Lote

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS BOGEN I OFOTEN Publicerat 17 maj 2026
Fastonsite
Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget. Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid. Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande. Arbeidsoppgåver - Lei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav. - Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem. - Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. - Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt. - Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks. - Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument. - Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav. - Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. - Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging. Kvalifikasjonar - Minimum M3-sertifikat - Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta - Krise- og passasjerhandtering - Gyldig helseerklæring - Allsidig erfaring som maskinsjef Personlege eigenskapar - Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr - Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. - Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. - Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder. Kontaktinformasjon Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no Arbeidsstad Bognes - Skarberget 8539 Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5131579368 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no