Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat med moglegheit for forlenging

Kviteseid skule, Kviteseid kommune KVITESEID Publicerat 19 augusti 2026
Vikariatonsite
Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig: Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Kviteseid skule søkjer ein serviceinnstilt og strukturert merkantil medarbeidar til eit vikariat knytt til sjukefråvær hos fast tilsett. Vikariatet er i første omgang ut året 2026, men det kan bli aktuelt med forlenging dersom fråværet held fram. Den faste medarbeidaren kan òg kome tilbake i arbeid i løpet av vikariatstida. Kviteseid skule er ein 10-årig skule med om lag 220 elevar og 50 tilsette. 1.–4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eige bygg. 5.–10. trinn held til i eit moderne og nyrenovert skulebygg. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Arbeidsoppgåver - Resepsjonsteneste og enkelt sentralbord - Arbeid med digitale elevmapper - Arbeid med sakshandsamingssystemet Elements og elev-/personalsystemet Visma Flyt Skole - Tilgangsstyring i ulike system for tilsette og elevar - Fråværsregistrering - System og prosessbygging - Attestering av fakturaer og timelister - Kontakt med elevar og føresette - Administrasjon av skuleskyss - Karakteroppgjer og vitnemål - Posthandtering - Bestillingar og innkjøp - Ansvar for digitalt låssystem og nøklar - Skulemjølk - Andre administrative oppgåver etter behov Kvalifikasjonar - Er serviceinnstilt og imøtekomande - Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert - Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag - Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar - Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ynskjeleg - Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel - Kjennskap til skuleverksemd er ynskjeleg - Gode IKT-kunnskapar - Det er ein fordel med erfaring frå Elements og Visma Flyt Skole - God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, med gode nynorskkunnskapar - Må disponere eigen bil Vi tilbyr - Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø - Engasjerte og dyktige kollegaer - Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare - Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar - Lønn etter gjeldande avtaleverk - Gode pensjons- og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 478 72 928, gjermund.sivertsen@kviteseid.kommune.no Arbeidsstad Skulevegen 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5163682789 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 06.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no