Miljøterapeut i Miljøteamet - 100% fast

Alver kommune ISDALSTØ Publicerat 6 augusti 2026
Fastonsite
Kort om stillinga: Vi utvider teamet vårt, og søkjer etter ein ny kollega, i 100% fast stilling. Vi søkjer etter deg som brenn for å sikre eit godt barnevern. Du set pris på variert arbeid, er dyktig og har stor omsorg for barn og unge som befinn seg i ein krevande livssituasjon. Miljøteamet er ein del av barneverntenesta og ei eiga avdeling. Miljøteamet har arbeidsstad i eigen bustad kor også samværsstaden inngår. Miljøteamet retter tiltak/oppgaver både mot barn, unge og familier. Teamet består av 6 miljøterapeuter, og ein operativ leiar. Arbeidsoppgåver - Miljøarbeid retta mot born, unge og familiar - Tilsyn og tilrettelegging av samvær - Familieråd - Intensivt arbeid i akutte tilfelle - Ettervern Kvalifikasjonskrav: Ønskjeleg med relevant helse- og sosialfaglig utdanning på bachelornivå (barnevernspedagog, sosionom, vernepleier) Søkarar utan høgskuleutdanning men har anna relevant erfaring og/eller videreutdanning/kurs/sertifiseringer kan også vurderast. - Har sertifikat klasse B (avdelinga har tenestebilar) - Har minimum 2 års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med barn og unge - Kjennskap til kommunale tenester/organisering og god kjennskap til 1.linje tenester - God skriftleg – og munnleg framstillingsevne. - Det er krav om å legge fram godkjend politiattest, med heimel i barnevernlova, ved tiltrede i stillinga - Vi oppmodar menn til å søkje. Ønska personlege eigenskaper - Er målretta og strukturert - Gode samarbeidsevner og ønske om å skapa resultat - Sjølvstendig - Gode evner til relasjonsbygging - God på observasjonar - Fleksibel og løysingsorientert - Er trygg, stødig og omsorgsfull Vi tilbyr - At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt flotte og tilpassa lokalitetar. - Sjølvstendig fleksibelt arbeid - Turnusarbeid med arbeid med vakter dag, kveld og tredjekvar helg. Tenestea sitt innhald kan føre til behov for arbeidstid i medleverdøgn i deler av turnusen. - Fagutvikling på fleire ulike område - Systematisk oppfølging- og rettleiing - Deltaking i utviklingsarbeid - God pensjonsordning - Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring. Vi er Alver Video om Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no