Pasientkoordinator

POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF ÅLESUND Publicerat 4 september 2026
Vikariatonsite
Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg! Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026. Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene. Arbeidsoppgåver - Administrere ventelister - Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid - Registrering i vårt datasystem Helseplattformen - IKAP prosedyrar - Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv - Kontroll på styringsinformasjon - Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken Kvalifikasjonar - Erfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring - Erfaring som pasientkoordinator - Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar - Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus - Du har gode datakunnskapar - Efaring med Helseplattformen - Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig - Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk Personlege eigenskapar - Du har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande - Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver - Du er strukturert, nøyaktig og har god orden - Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner - Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver - Du har gode datakunnskapar - Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting Vi tilbyr - Sterkt tverrfagleg samarbeid - Ein inkluderande arbeidsplass - Løn etter gjeldande overeinskomstar - Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Kontaktinformasjon Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5175578987 Stillingsprosent: 80% Vikariat Søknadsfrist: 20.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no