Pedagogisk leder barnehagelærer

Brattvåg Barnehage SA BRATTVÅG Publicerat 1 september 2026
Fastonsite
Brattvåg Barnehage søker ein engasjert og trygg pedagogisk leiar som vil vere med å skape gode kvardagar for barna våre. Vi søker en som brenn for barns trivsel, utvikling og læring. Oppstart 01.11.26 eller etter avtale. Arbeidsoppgåver: - Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø. - Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet i tråd med Rammeplanen for barnehagen. - Inkludere, rettleie og støtte kollegaer i det daglege arbeidet. - Bidra til eit godt samarbeid med foreldre og føresette. - Delta aktivt i barnehagens leiarteam og utviklingsarbeid. - Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar. Kvalifikasjoner: - Godkjend barnehagelærarutdanning - Gode samarbeids- og leiareigenskapar. - Erfaring frå barnehage er ønskjeleg. - Gyldig politiattest, jfr Lov om barnehagar §30. - Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, i samsvar med barnehagelova §28. Personlige egenskaper: - Du er tydeleg og trygg rollemodell for barn, foreldre og kollegaer. - Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner. Du er open og ærleg, og bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø. - Du er fleksibel, positiv og løysingsorientert. - Du kan arbeide både sjølvstendig og i team. - Du er oppteken av barns medverknad og leikens eigenverdi. Vi tilbyr: - Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. - Fagleg utvikling og kompetanseheving. - Lønn etter gjeldande tariffavtale. - Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. - Ein barnehage som er oppteken av å gi medarbeidane ansvar, tillit og moglegheit til å påverke sin eigen kvardag. Politiattest må leverest ved tilsetting.

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no