Pedagogisk leiar/barnehagelærar i Gol barnehage

Gol kommune Gol barnehage GOL Publicerat 18 augusti 2026
Fastonsite
Gol barnehage har ledige 2 faste stillingar som pedagogisk leiar / barnehagelærar. Gol barnehage aukar kapasiteten, med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027 og har vi behov for fleire pedagogar. Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane: Breidokk, Vesterhuset, Herad og ny barnehage med seks avdelingar som opnar frå januar 2027. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage. I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt om inkluderande praksis. Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på si avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog. Dine kvalifikasjonar: - godkjent barnehagelærerutdanning eller tilsvarande relevant utdanning - kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy - uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg Vi ønskjer oss av deg: - kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson. - aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute - har evner til å skape gode relasjonar med barn. - kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre - er interessert i barn si utvikling og medverknad. - gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette - bidreg til eit raust arbeidsklima. - profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre. - er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt - er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar Vi kan tilby: - profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø - tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk - løn etter utdanning og praksis - rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar - stillingsbeskriving - gratis trening Anna: - Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje - det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid - dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar - aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar Send søknad: - vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først) - godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse - alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no Kontaktperson Christine B. Ravnanger, Avdelingsleiar Gol barnehage Tlf.: 934 81 831, Mail: christine.ravnanger@gol.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no