Prosjekteringsleiar - Store bruprosjekt

Samferdselsområdet [samferdsel], Møre og Romsdal fylkeskommune ÅLESUND Publicerat 26 augusti 2026
Fastonsite
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar. Stillinga har kontorstad Ålesund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier. Arbeidsoppgåver - Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket. - Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing. - Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga. - Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter. - Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet. - Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen. - Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga. Kvalifikasjonar - Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande). - Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar. - God kjennskap til digitale verktøy - Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM - Førarkort klasse B Personlege eigenskapar - Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar. - Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg - Utviklings- og løysningsorientert - Arbeide nøyaktig og målretta - Sjå behov og ta ansvar Vi tilbyr - Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtale Kontaktinformasjon Ragnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt , 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.no Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no Arbeidsstad Borgundvegen 340 6009 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5171263284 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no