Prosjektingeniør

Åseral kommune ÅSERAL Publicerat 7 september 2026
Fastonsite
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår? Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen. Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane Arbeidsoppgåver Om stillinga Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna: - Bygg- og eigedomsprosjekt - VA-anlegg (vatn og avløp) - Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt - Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt. Arbeidsoppgåver - Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt - Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett - Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar - Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar - Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar - Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt - Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing - Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll - Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: - Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande - Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing - Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk - God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging - God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaper Vi ser etter deg som: - Arbeider strukturert og sjølvstendig - Tek ansvar og får ting gjennomført - Har gode samarbeidsevner - Er løysingsorientert og initiativrik - Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr - Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen - Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling - Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer - Løn etter avtale og gode pensjonsordningar - Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar - Vi kan hjelpe til å finne bustad - Gratis SFO - Barnehageplass Kontaktinformasjon Dag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no Arbeidssted Bordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5177713808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no