Psykolog

Nordfjord BUP, Helse Førde NORDFJORDEID Publicerat 26 augusti 2026
Engasjementonsite
Nordfjord BUP har ledig 100 % engasjement som psykolog i inntil 3 år, med mulighet for fast tilsetting. Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000. Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, psykiatrisk sjukepleiar og miljøterapeut. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team. I tillegg har vi administrasjonskonsulent og sekretær, ein prosjektleiar for prosjektet integrerte tenester TAKT, og eit FACT Ung-team i samarbeid med Stad kommune. Vi legg stor vekt på godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid. Nordfjord BUP sitt motto er : Vi utviklar oss i samspel heile livet! Vi søkjer ein medarbeider som er interessert i å jobbe med barn, unge og familiar, og som likar å samarbeide med andre for å få bidra til gode endringssprosessar. Vi ser særleg etter detg som ønskjer å arbeide i FACT Ung-teamet Vi oppmodar menn til å søkje. Arbeidsoppgåver - Utgreiing, diagnostisering og behandling - Jobbe etter FACT Ung modellen - Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod Kvalifikasjonar - Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologlisens - Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er avgjerande for god pasienthandsaming. - Erfaring frå arbeid med barn og unge - God system- og rolleforståing Personlege eigenskapar - Gode evner til å møte og kommunisere med barn, unge og foreldre slik at dei kjenner seg sett og forstått - Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte slik at vi kan gjere kvarandre betre - Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver - Like varierte utfordringar, og må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr - Mange spennande arbeidsoppgåver - Eit aktivt tverrfagleg fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid søkjer etter fornying og forbetring - God fagleg vidareutvikling - Løn etter gjeldande overeinskomst - Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350 Arbeidssted Sjukehusvegen 7 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5171643818 Stillingsprosent: 100% Engasjement Sluttdato: 31.08.2029 Søknadsfrist: 10.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no