Rådgjevar/seniorrådgjevar

Skyss BERGEN Publicerat 16 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland og bidra til at folk kan klare seg utan eigen bil. I tillegg skal vi sørge for nullutslepp frå transporttenestene våre. Vi har kome langt med elektrifisering av både buss, båt og ferje, og det er stadig nye moglegheiter og utfordringar som må løysast! Vi skal vere pådrivarar for berekraft og sirkulær økonomi gjennom heile verdikjeda, mellom anna ved å stille krav til gjenvinning i bruk og produksjon av transportmateriell. Det viktigaste verkemiddelet vårt er å stille krav om nullutsleppsdrift og dokumentasjon på klimafotavtrykk når vi kjøper inn transporttenestene. Vi treng ein rådgjevar som har god teknisk forståing, erfaring med utviklingsarbeid og anskaffingsprosessar og som har eit hjarte for klima og miljø. I dette arbeidet vil du møte komplekse, tverrfaglege utfordringar og mange aktørar internt og eksternt. Du får viktige oppgåver med stor samfunnsnytte i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjement. Dette er eit vikariat på om lag eitt år. Arbeidsoppgåver Som rådgjevar hos oss vil du inngå i ei faggruppe som arbeider med strategisk vidareutvikling av mobilitetstilbodet, der oppgåvene er mange og varierte. Du skal ha hovudvekt på omlegging til låg- og nullutsleppsløysningar og bidra til at Skyss tar nullutsleppsløysingar i bruk på berekraftig og kundevennleg vis. Sentrale oppgåver vil vere: Utgreie moglegheiter og konsekvensar av låg- og nullutsleppsløysningar for kollektivtransporten Bidra i arbeid for å iverksette utsleppskutt frå kollektivtransporten gjennom anskaffingsprosessar Praktisk tilrettelegging for miljøteknologi, gjennom å sikre areal til energiinfrastruktur og straumtilgang Arbeid med oppfølging, evaluering og kontinuerleg forbetring av iverksette tiltak Bidra til intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar Du vil jobbe i tett samarbeid med andre fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, leverandørmarknaden, offentlege myndigheiter med fleire. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, til dømes teknologi, energi, klima og miljø. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane evne til å presentere og diskutere komplekse problemstillingar, både skriftleg og munnleg. Det er i tillegg ønskeleg at du har kjennskap til kollektivtrafikk, transportplanlegging og samferdsel kunnskap om offentlege anskaffingsprosessar forståing for prosjektstyring og prosessleiing interesse for teknologisk utvikling, utsleppsfrie køyretøy og alternative drivstoff. Personlege eigenskapar Vi treng deg som – er engasjert i grøn omstilling og vil bidra i samfunnsutviklinga – arbeider faktabasert og analytisk – er sjølvstendig og strukturert – er omgjengeleg og trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap – bidrar til å vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet. Vi tilbyr Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland! Arbeidsstaden din vil vere i Vestlandshuset i Bergen sentrum. Vi tilbyr ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor løn etter avtale gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Kontaktinformasjon Maren Nordby Fremstad, konstituert faggruppeleiar tilbodsutvikling, 47679488, maren.nordby.fremstad@skyss.no Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5020 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151407442 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no