Rådgjevar/seniorrådgjevar

Skyss BERGEN Publicerat 16 augusti 2026
Vikariatonsite
Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet vårt til dei reisande og å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i mobilitetssystemet er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i mobilitetssystemet. Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du inngå i eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre er mellom anna å utarbeide langsiktige planar for tilbodet, å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, og å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evnar å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland. Vi treng no ein vikar for det neste året. Arbeidsoppgåver Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar. Du vil løyse oppgåvene i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane. I tillegg er det fint om du har erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging god forståing for prosessleiing og interessehandtering kunnskap om kva moglegheiter ny teknologi kan gi oss kjennskap til vestlandsregionen kjennskap til offentleg forvalting. Personlege eigenskapar Vi treng deg som vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by er nysgjerrig og arbeider faktabasert og analytisk har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap bidrar til det gode arbeidsmiljøet. Vi tilbyr Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. Arbeidsstaden din vil vere i Vestlandshuset i Bergen sentrum. I tillegg tilbyr vi: Moglegheit til å utvikle deg fagleg Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no Maren Nordby Fremstad, konstituert faggruppeleiar tilbodsutvikling, 47679488, maren.nordby.fremstad@skyss.no Arbeidsstad Lars Hilles Gate 22 5020 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151399666 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no