Reinhaldar
Om stillinga
Vaksdal kommune søker ein reinhaldar i 100% fast stilling til reinhald av kommunale bygg , med ønske om tiltreding så snart som mogleg. Stillinga omfattar dagleg og periodisk reinhald, og vil vere ein viktig del av arbeidet med å sikre reine, trivelege og hygieniske lokale for innbyggarar, tilsette og brukarar av kommunen sine tenester. For tida er stillinga knytt til reinhald ved ulike kommunale bygg i heile Vaksdal kommune, og det må difor påreknast varierte arbeidsstader og arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald av kommunale bygg.
- Sørge for at lokala held god hygienisk standard.
- Bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og maskiner.
- Følge gjeldande reinhaldsplanar, rutiner og HMS-krav.
- Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved dei ulike arbeidsstadene.
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev innan reinhald er ønskeleg.
- Relevant erfaring frå reinhaldsarbeid vil bli vektlagt.
- Må ha førarkort klasse B.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, strukturert og tar ansvar.
- Du kan arbeide sjølvstendig og samstundes samarbeide godt med andre.
- Du har auge for reinhald, orden og kvalitet.
- Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver og arbeidsstader.
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Individuell oppfølging.
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning.
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg.
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no