Renholder
Vil du bidra til å skape eit trygt, reint og triveleg miljø for barn og unge?
Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling
Hildre Montessoriskule er ein privatskule frå 1.--10. trinn med lærelystne elevar og engasjerte tilsette. Skulen er samlokalisert med Hildre barnehage, og vi ønskjer no å styrkje arbeidet med reinhald gjennom tilsetjing av ein dyktig og påliteleg reinhaldar.
Vi søkjer deg som likar orden og kvalitet, arbeider sjølvstendig og ønskjer å vere ein viktig bidragsytar til eit godt lærings- og oppvekstmiljø.
Om stillinga
50 % fast stilling som reinhaldar
Stillinga omfattar reinhald av både Hildre Montessoriskule og Hildre Montessoribarnehage. Arbeidet blir i hovudsak utført etter at elevar og barn har gått heim for dagen.
Arbeidsoppgåver
-
Dagleg reinhald av skule- og barnehagelokale
-
Periodisk reinhald og hovudreinhald
-
Følgje opp reinhaldsplanar og rutinar
-
Bidra til at bygget framstår reint, trygt og triveleg
-
Vedlikehald og oppfølging av reinhaldsutstyr
-
Reinhald ved behov på elevfrie dagar og planleggingsdagar
-
Samarbeid med leiing og tilsette om praktiske behov knytt til bygget
Kvalifikasjonar
-
Erfaring frå reinhaldsarbeid er ønskjeleg
-
Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Gode norskkunnskapar
-
Interesse for reinhald og kvalitetsarbeid
Vi ønskjer at du
-
er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull
-
har auge for detaljar og kvalitet
-
er påliteleg og fleksibel
-
trivst med å arbeide både åleine og saman med andre
-
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
-
trivst i eit miljø der barn og unge er ein naturleg del av kvardagen
-
trivst med praktisk og fysisk arbeid, og kan utføre arbeidsoppgåver knytt til dagleg og periodisk reinhald.
-
møter oppgåver og utfordringar med ei positiv innstilling
Vi tilbyr
-
Fast stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein skule og barnehage med stort engasjement for barn og unge
-
Lønn etter avtale
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Engasjerte og positive kollegaer
Det krevjast godkjend politiattest ved tilsetjing.
For meir informasjon
Ta kontakt med:
Steffen André Kråkenes
Dagleg leiar / rektor
Telefon: 91 19 13 34
E-post: steffen.krakenes@hildreskule.no
Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.
Visa jobbet och ansökUrsprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no