Ressurskoordinator

Bemanningssenter - Helse Fonna HF HAUGESUND Publicerat 2 september 2026
Fastonsite
🌟 Er du ein som liker å skape struktur og finne gode løysningar? Sjå hit! Som ressurskoordinator får du ei nøkkelrolle i bemanningssenteret. Du er den som sørgjer for at rett ressurs kjem på rett plass til rett tid, og bidreg til at kvardagen går rundt for avdelingane våre. 📅 Du får ansvar for booking og koordinering av vakter på tvers av avdelingar, samtidig som du har oversikt over både menneske og behov. I tillegg samarbeider du tett med leiarar i føretaket for å sikre god bemanning og smidige løysingar. 🚀 Du får òg ei sentral rolle i vidareutviklinga av rutinar og system knytt til fastvaktordninga, og moglegheita til å vere med på å forme og forbetre viktige arbeidsprosessar. Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med koordinering, oversyn og tett dialog med både leiarar og tilsette på tvers av verksemda 🌟. Vi vil leggje stor vekt på relevant erfaring fra liknande arbeid og personlege eigenskapar. 👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg. Søk no og bli ein del av laget vårt! 💙 Kva går jobben ut på? - Administrativ rolle med ansvar for koordinering av personalressursar - Lage timeavtalar og følgje opp timeansatte - Booking av vakter for fast tilsette og timeavtalar - Vurdere behov for opplæring - Dagleg dialog med leiarar og koordinatorar på avdelingane Kva kompetanse er viktig i denne rolla? - Relevant fagbrev (fagbrev kan vere helseservicefag, IT-drift , kontor og administrasjon) - Erfaring frå merkantilt arbeid - Erfaring fra booking av personell og ressursstyring - Gode datakunnskapar - Ønskjeleg med erfaring frå sjukehus Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: - arbeidar strukturert og systematisk - ser moglegheiter og finn gode løysingar - tek ansvar og handterer oppgåver sjølvstendig - er tilpasningsdyktig og har god nøyaktigheit - trivst med rutinepregede oppgåver når det trengst - likar å jobbe i eit dynamisk miljø og har lyst til å vere med å forme ei ny funksjon 🌟 Kvifor skal du velje oss? - Moglegheit til å vere med å byggje opp noko frå botnen og setje eige preg på utviklinga - Ei nøkkelrolle med stort ansvar - Du blir del av eit lag som jobbar for kvalitet, tryggleik og gode tenester til pasientar og tilsette - Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179 Arbeidsstad Karmsundgata 51 5529 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5172511773 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no