Seniorrådgivar

Seniorrådgivar // Nav Bergen sentrum BERGEN Publicerat 20 augusti 2026
Fastonsite
Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen. Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen. I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar. I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden. Hos oss får du arbeide både sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, arbeidsgivarar og samfunnet. Kva går jobben ut på? - Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen - Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper - Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar - Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar - Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser - Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora - Vere pådrivar for å utvikle og styrke arbeidsgivarsamarbeidet saman med Nav-kontora i regionen, kommunen, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar - Samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer i avdelinga for å skape moglegheiter for Nav sine prioriterte målgrupper. Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha - Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. - Erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning - Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg Det er ønskeleg at du har - Erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning - Erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon, til dømes gjennom møte med arbeidsgivarar, nettverksarenaer eller jobbmesser - God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod Kva ser vi etter hos deg? - Trivst med formidling og kunnskapsdeling - Evne til å engasjere og byggje relasjonar - Initiativrik og strukturert - Arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre Kvifor velje oss? - Moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag - Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling - Opplæring, kurs og kompetanseheving - Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø - Fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida - Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 750 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. - God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar Kontaktinformasjon Maj-Nan Tørrisplass, Avdelingsleder Arbeidsinkludering og kvalifisering, 982 64 835, maj-nan.torrisplass@nav.no Arbeidssted Møllendalsveien 8 5020 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5153878877 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no