SFO-medarbeidar

Klepp kommune, Orre skule ORRE, KLEPPE Publicerat 24 augusti 2026
Vikariatonsite
Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg. Arbeidsoppgåver Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna: - Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna - Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute - Bidra til eit godt og inkluderande miljø - Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar - Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen - Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen Kvalifikasjonar - Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg - Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel - Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje - Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn - Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskapar - Er trygg, positiv og omsorgsfull - Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet - Er engasjert og tek initiativ - Er fleksibel og samarbeider godt med andre - Har gode relasjonelle ferdigheiter - Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag - Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø - Moglegheit til å kombinere arbeid med studium - Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale - Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna Kontaktinformasjon Mariann Østerhus, Leiar SFO, 95076575 Kenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216 Arbeidsstad Roslandsvegen 366 4343 Orre Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5168062489 Stillingsprosent: 40% Vikar Søknadsfrist: 08.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no