Sjukepleiar i 100% fast stilling som assisterande leiar

Solund kommune Helse og omsorg HARDBAKKE Publicerat 17 augusti 2026
Fastonsite
Solund kommune er ein øykommune ytterst i Sognefjorden, samansett av øyer og holmar. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke, der vi har samla våre helsetenester. I Solund verdset vi kvilepuls – men i ein variert og spennande arbeidskvardag kan det òg vere godt å kjenne at pulsen slår litt ekstra. Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste. Du vil vere ei støtte for leiar og bidra til effektiv drift og høg kvalitet i tenestene – rett og slett vere «høgre handa» til leiaren. Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som er interessert i ansvar og leiing. Du vil gå i turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ei kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene. Arbeidsoppgåver: - Støtte leiar : Bidra til at tenestene vert drivne effektivt og profesjonelt, og vere til stades ved leiars fråvær. - Kulturbygging : Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv, profesjonell kultur. - Planlegging og struktur : Hjelpe til med vaktplanlegging, handtering av sjukefråvær og sikre trygge og føreseielege rammer. - Fagleg ansvar : Vere ein trygg og oppdatert sjukepleiar som sikrar fagleg forsvarleg drift. Kvalifikasjonar: - Autorisasjon som sjukepleiar - Førarkort klasse B - Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) - Gode kommunikasjonsevner - Gjerne leiarerfaring eller leiarutdanning men det er ikkje eit krav - Evne til å takle omstilling og hektiske periodar Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg miljø • Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr. 27 000,- per år. • Hjelp til å skaffe bustad • Flyttegodtgjersle • Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet • Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat • Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn. • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her Kvifor velje Solund? Dette er stillinga for deg som ønskjer å jobbe i eit lite samfunn med ein mindre institusjon. Som sjukepleiar i Solund kommune får du tid til å bli godt kjent med brukarane. Arbeidskvardagen kan vere travel, men i Solund får du tid til å gjere ein god jobb – og i den siste medarbeidarundersøkinga svarte sjukepleiarane at dei i større grad enn landssnittet opplever å kunne hjelpe brukarane sine. Frå 2026 får du i tillegg sletta 25 000 kroner av studielånet ditt etter eitt år i Solund. Les meir om ordninga . På fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om vi er ein liten kommune, har vi mykje å by på. Praktisk informasjon: Ved tilsetjing må du leggje fram politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) og utfylt MRSA-skjema. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom du ønskjer unntak frå offentleggjering, må det grunngjevast. Du vil i så fall bli kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. Høyrest dette spennande ut? Då håpar vi du søkjer! Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Ingelin – leiar for sjukeheim og heimetenester. Ho gler seg til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no