Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 100 % fast stilling, som sjukepleier i stab

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune SYKKYLVEN Publicerat 25 maj 2026
Fastonsite
Vil du bli ein viktig del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter? Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved BUAS, eit moderne og triveleg omsorgssenter med totalt 83 plassar fordlet på 5 avdelingar. To spesialisert på demens omsorg, 1 institusjon, medan to tilbyr heildøgns omsorg og institusjon. Kva tilbyr vi? Ei spennande og variert stilling der 60 % av tida er i stab med ansvar for tenester på tvers av alle avdelingar, og 40 % arbeid direkte i avdeling. Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen. Ein arbeidsplass der du kan gjere ein stor forskjell for menneska i lokalsamfunnet, i eit støttande og fagleg sterkt miljø. Er du klar for nye utfordringar i eit meningsfullt yrke? Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver - Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar - Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis - Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid - Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande - Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag. - Undervisning/opplæring av fagarbeidarar og andre sjukepleiarar - Kvalitetsarbeid: opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane Kvalifikasjonar - Autorisasjon som sjukepleiar. - Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya - Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). - Evne til å halde seg fagleg oppdatert - Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer - Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling Personlege eigenskapar - Brenn for kvalitet og fagleg utvikling - Har evne til å sjå heilheita, arbeide strukturert og bidra til gode system og rutiner - Trygg og tydeleg fagperson som kan veilede, motivere og støtte kollega - Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg - Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg - Er løysningsorientert, fleksibel og ser moglegheiter og utfordringer - Tek initiativ og tek ansvar for å følgje opp faglege prosessar og forbetringsarbeid - Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver - Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø - Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP - Fagleg sterkt miljø, og med godt samarbeid med sjukeheimslegen - Rekrutteringstillegg til nytilsette - Sykkylven kommune vil også vere behjelpeleg med å skaffe bolig Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no Arbeidsstad Haugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5133873833 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026

Findigo hittar jobben och fyller i ansökan. Du klickar Skicka.

Visa jobbet och ansök

Ursprunglig annons: arbeidsplassen.nav.no